Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 4:16-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Ein skapnad stogga,men eg såg ikkje klårt ¬korleis han var.Han stod beint ¬framfor augo mine,og eg høyrde ei roleg røyst ¬som sa:

17. Kan eit menneske ¬vera rettferdig for Gud,kan ein mann ¬vera rein for sin skapar?

18. Gud lit ikkje eingong ¬på tenarane sine,hjå englane finn han feil,

19. kor mykje meir ¬hjå dei som bur i leirhusog berre har jord til grunnvoll,dei som kan knasast ¬lettare enn mòl.

20. Før dagen er til ende, ¬ligg dei knuste;utan at nokon ansar det,går dei til grunne for alltid.

21. Deira teltsnor vert oppriven,dei døyr, ¬men har ikkje fått visdom.

Les hele kapitlet Job 4