Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 39:6-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Dei bøyer seg ned ¬og får sine ungar;så er dei ferdige med sine rier.

7. Ungane veks seg store og sterke ¬utpå marka,så spring dei bort ¬og kjem ikkje att.

8. Kven lèt villeselet renna fritt,kven har løyst det frå alle band?

9. Eg gav det moane til husog den salte øydemarka ¬til bustad.

10. Det ler åt den ståkande byen,det høyrer ingen drivar ¬som ropar og skjenner.

11. Det speidar etter beite i fjellaog leitar opp kvart grøne strå.

12. Har villoksen hug til å tena deg,vil han stå ¬ved di krubbe heile natta?

13. Kan du binda han med reip, ¬så han held seg i fòra,vil han horva for deg i dalane?

Les hele kapitlet Job 39