Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 39:21-33 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. Men når ho flaksar ¬opp i veret,skrattar ho åt hest og ryttar.

22. Er det du ¬som gjev hesten styrkeog pryder halsen hans ¬med faks?

23. Lèt du han springa ¬som grashoppa?Når han frøser stolt, ¬står det age av han.

24. Han skrapar i marka, ¬yr av glede,så fer han fram ¬mot ein væpna flokk.

25. Han er ikkje redd for noko ¬som skræmer,og snur ikkje ¬når han møter sverd.

26. Over han skramlar pilehuset,det blinkar i sverd ¬og kastespyd.

27. Han fer av stad ¬i dundrande tan,og stoggar ikkje ¬når hornet ljomar.

28. Han kneggjar høgt ¬når hornet læt.Han vêrar striden langan lei,bydande rop og hærskrik.

29. Er det ditt vit som gjerat falken svingar seg opp,spilar vengene og flyg mot sør?

30. Er det på ditt bod at ørna stigog byggjer seg reir i høge fjellet?

31. Ho bur på berget og har si livdpå kvasse tind, i bratte nut.

32. Der speidar ho etter mat,augo skodar vidt ikring.

33. Hennar ungar slurpar ¬i seg blod,og der det finst eit åtsel, ¬der er ho.

Les hele kapitlet Job 39