Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 39:18-37 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Ho gløymer ¬at ein fot kan krasa dei,at villdyra på marka ¬kan trø dei sund.

19. Hardt fer ho fram ¬med ungane sinesom om dei ikkje ¬var hennar eigne.Ho lèt seg ikkje tyngja av sutfor at strevet hennar ¬skal vera fåfengt.

20. For Gud har ikkje gjort ¬henne klok,og han har ikkje ¬gjeve henne vit.

21. Men når ho flaksar ¬opp i veret,skrattar ho åt hest og ryttar.

22. Er det du ¬som gjev hesten styrkeog pryder halsen hans ¬med faks?

23. Lèt du han springa ¬som grashoppa?Når han frøser stolt, ¬står det age av han.

24. Han skrapar i marka, ¬yr av glede,så fer han fram ¬mot ein væpna flokk.

25. Han er ikkje redd for noko ¬som skræmer,og snur ikkje ¬når han møter sverd.

26. Over han skramlar pilehuset,det blinkar i sverd ¬og kastespyd.

27. Han fer av stad ¬i dundrande tan,og stoggar ikkje ¬når hornet ljomar.

28. Han kneggjar høgt ¬når hornet læt.Han vêrar striden langan lei,bydande rop og hærskrik.

29. Er det ditt vit som gjerat falken svingar seg opp,spilar vengene og flyg mot sør?

30. Er det på ditt bod at ørna stigog byggjer seg reir i høge fjellet?

31. Ho bur på berget og har si livdpå kvasse tind, i bratte nut.

32. Der speidar ho etter mat,augo skodar vidt ikring.

33. Hennar ungar slurpar ¬i seg blod,og der det finst eit åtsel, ¬der er ho.

34. Herren heldt fram med å tala til Job og sa:

35. «Du som klagar ¬på Den Allmektige,vil du føra sak med han?Du som lastar Gud, må svara.»

36. Då svara Job Herren og sa:

37. «Nei, til det er eg for liten.Kva skulle eg vel svara deg?Eg legg mi hand på munnen.

Les hele kapitlet Job 39