Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 39:16-28 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Strutsehoa slår lystig ¬med vengene,men flyg ikkje ¬som storken med sin fjørham.

17. Ho legg sine egg på marka,lèt sanden halda dei varme.

18. Ho gløymer ¬at ein fot kan krasa dei,at villdyra på marka ¬kan trø dei sund.

19. Hardt fer ho fram ¬med ungane sinesom om dei ikkje ¬var hennar eigne.Ho lèt seg ikkje tyngja av sutfor at strevet hennar ¬skal vera fåfengt.

20. For Gud har ikkje gjort ¬henne klok,og han har ikkje ¬gjeve henne vit.

21. Men når ho flaksar ¬opp i veret,skrattar ho åt hest og ryttar.

22. Er det du ¬som gjev hesten styrkeog pryder halsen hans ¬med faks?

23. Lèt du han springa ¬som grashoppa?Når han frøser stolt, ¬står det age av han.

24. Han skrapar i marka, ¬yr av glede,så fer han fram ¬mot ein væpna flokk.

25. Han er ikkje redd for noko ¬som skræmer,og snur ikkje ¬når han møter sverd.

26. Over han skramlar pilehuset,det blinkar i sverd ¬og kastespyd.

27. Han fer av stad ¬i dundrande tan,og stoggar ikkje ¬når hornet ljomar.

28. Han kneggjar høgt ¬når hornet læt.Han vêrar striden langan lei,bydande rop og hærskrik.

Les hele kapitlet Job 39