Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 39:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Går du på rov for løvinna,gjev du svoltne løveungar mat,

2. når dei dukkar seg ned ¬i holene sineeller ligg på lur i krattet?

3. Kven syter for føde til ramnennår ungane hans skrik til Gudog flaksar ikring utan mat?

4. Kjenner du tida ¬når steingeita kjear,aktar du på ¬når hindene har rier?

5. Tel du månadene ¬til dei skal bera,kjenner du tida ¬når dei skal føda?

6. Dei bøyer seg ned ¬og får sine ungar;så er dei ferdige med sine rier.

7. Ungane veks seg store og sterke ¬utpå marka,så spring dei bort ¬og kjem ikkje att.

8. Kven lèt villeselet renna fritt,kven har løyst det frå alle band?

9. Eg gav det moane til husog den salte øydemarka ¬til bustad.

10. Det ler åt den ståkande byen,det høyrer ingen drivar ¬som ropar og skjenner.

Les hele kapitlet Job 39