Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 38:27-38 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

27. så det aude landet ¬fekk rikeleg med vatn,og graset grodde or grunnen?

28. Har regnet ein far?Og kven har avla doggdropane?

29. Kva morsliv kjem vel isen frå,kven har født rimet ¬som fell frå himmelen,

30. når vatnet frys og vert som steinog flata ¬på havdjupet ligg under is?

31. Kan du knyta Sjustjerne-bandeteller løysa Orions lekkjer?

32. Kan du få kveldsstjerna fram ¬i rette tid,eller leia Løva og hennar ungar?

33. Kjenner du lovene ¬som rår på stjernehimmelen?Fastset du hans velde ¬over jorda?

34. Kan du lyfta di røyst til skyene,så vatnet fløymer ned over deg?

35. Kan du senda ut lyn, ¬så dei fer av stadog seier til deg: «Her er vi»?

36. Kven har gjeve ibisen visdom,kven har late hanen få vit?

37. Kven er så klok ¬at han kan telja skyer,og kven tømer vatn ¬or himmel-kara,

38. når jorda hardnar og fastnar,og molda klumpar seg saman?

Les hele kapitlet Job 38