2. Kven er det som gjer ¬mi rådgjerd uklårmed uvituge ord?
3. Spenn beltet om livet ¬som ein mann!Så vil eg spørja deg,og du skal svara meg.
4. Kvar var du ¬då eg grunnla jorda?Sei fram, om du har skjøn!
5. Kven har fastsett hennar mål ¬– det veit du vel?Kven spente mælesnor ut ¬over henne?
6. Kvar vart hennar soklar ¬søkkte ned,og kven la hennar hjørnestein,
7. medan alle morgonstjerner ¬jubla,og alle Guds søner ¬ropa av fryd?
8. Kven stengde for havet ¬med portar,då det braut skummande fram ¬frå djupet,
9. den gong eg kledde det ¬med skyerog sveipte det i mørke skodda,
10. den gong eg sette grense for detog stengde med bom og dører?