Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 38:15-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Dei vonde misser ¬det ljoset dei hadde,og armen dei lyfte, vert knust.

16. Har du nått fram ¬til havsens kjelderog ferdast på botnen ¬av det store djup?

17. Har dødens portar ¬vist seg for deg,har du sett dørene ¬til den kolmørke staden?

18. Har du skoda ut ¬over viddene på jorda?Sei frå om du kjenner alt dette.

19. Kvar går vegen ¬til bustaden åt ljoset,og kvar held mørkret til?

20. Så ta dei med til deira heimstad,du kjenner stigane til deira hus.

21. Du veit det ¬om du har levt så lengeat du var til då dei vart skapte.

Les hele kapitlet Job 38