Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 38:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då svara Herren Job or stormen:

2. Kven er det som gjer ¬mi rådgjerd uklårmed uvituge ord?

3. Spenn beltet om livet ¬som ein mann!Så vil eg spørja deg,og du skal svara meg.

4. Kvar var du ¬då eg grunnla jorda?Sei fram, om du har skjøn!

5. Kven har fastsett hennar mål ¬– det veit du vel?Kven spente mælesnor ut ¬over henne?

6. Kvar vart hennar soklar ¬søkkte ned,og kven la hennar hjørnestein,

7. medan alle morgonstjerner ¬jubla,og alle Guds søner ¬ropa av fryd?

Les hele kapitlet Job 38