Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 37:7-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Då set han bom ¬for arbeidet åt menneska,så alle kan merka ¬hans gjerningar.

8. Villdyra går til sine holerog held seg i ro i sine hi.

9. Stormen fer ut or sitt kammer,og med nordavinden ¬fylgjer kulde.

10. Når Gud pustar, kjem det is,jamvel store vatn frys til.

11. Han fyller skyene med væteog breier ut sine lysande skyer.

12. Dei driv av stad og fer hit og ditetter som han styrer dei,og alt han byd, det gjer deiut over heile den vide jord.

13. Han lèt dei koma for å straffa,om det er til gagn for jorda,eller for å gjera vel mot henne.

14. Høyr på dette, Job!Stå still ¬og legg merke til Guds under!

15. Skjønar du korleis Gud ¬gjev skyene påbodog lèt ljoset stråla fram frå dei?

16. Skjønar du ¬korleis skyene driv,eit underverk av han ¬som veit alt?

17. Du som klagar ¬over at kleda vert varme,når jorda dormar i sønnavind,

18. kan du hjelpa han ¬med å hamra skylagetfast som ein spegel ¬av støypt metall?

Les hele kapitlet Job 37