Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 37:15-24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Skjønar du korleis Gud ¬gjev skyene påbodog lèt ljoset stråla fram frå dei?

16. Skjønar du ¬korleis skyene driv,eit underverk av han ¬som veit alt?

17. Du som klagar ¬over at kleda vert varme,når jorda dormar i sønnavind,

18. kan du hjelpa han ¬med å hamra skylagetfast som ein spegel ¬av støypt metall?

19. Sei oss kva vi skal svara han!Vi får ikkje fram eit ord ¬for berre mørker.

20. Får han bod når eg seier noko,får han vita at nokon talar?

21. No ser ikkje menneska ljoset,det er gøymt bak mørke skyer;men brått kjem vinden ¬og sopar dei bort.

22. Det kjem eit gylle skin frå nord,kring Gud ¬er ein skræmande ljosglans.

23. Den Allmektige ¬kan vi ikkje fatta.Høg er hans makt ¬og stor hans rettferd;og retten krenkjer han aldri.

24. Difor har menneska age ¬for han,men han ansar ikkje dei ¬som trur dei er vise.

Les hele kapitlet Job 37