Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 36:15-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Han bergar armingar ¬i deira naud,gjennom trengsle ¬opnar han deira øyra.

16. Deg vil han òg leia ut ¬or trengsle,til open mark ¬der ingenting tyngjer.Bordet ditt ¬skal vera fullt av feite retter.

17. Du skal fullføra domen ¬over vonde menn,lov og rett skal råka dei.

18. Lat ikkje vreiden ¬lokka deg til spotteller store løysepengar ¬føra deg på avveg!

19. Kan ditt skrik ¬fria deg ut or trengsleom du så brukar all di makt?

20. Du skal ikkje lengta ¬etter den nattadå folkeslag vert rykte ¬opp frå sin stad.

21. Akta deg og vend deg ikkje ¬til vondskap,så du heller vil gjera vondt ¬enn lida.

22. Sjå, Gud er opphøgd i sitt velde.Kven er ein lærar som han?

23. Kven fastset den vegen ¬han skal fylgja?Kven kan seia at han gjer urett?

Les hele kapitlet Job 36