11. Om dei då høyrer og tener han,får dei leva i lukke ¬alle sine dagar,i herlegdom og glede ¬alle sine år.
12. Men vil dei ikkje høyra,skal dei gjennomborast av spydog missa livet i si vitløyse.
13. Støtt er dei gudlause harmeog ropar ikkje til Gud om hjelpnår han har bunde dei.
14. Dei døyr i sin ungdom ¬og endar sitt livlik menn som driv tempelutukt.
15. Han bergar armingar ¬i deira naud,gjennom trengsle ¬opnar han deira øyra.
16. Deg vil han òg leia ut ¬or trengsle,til open mark ¬der ingenting tyngjer.Bordet ditt ¬skal vera fullt av feite retter.
17. Du skal fullføra domen ¬over vonde menn,lov og rett skal råka dei.
18. Lat ikkje vreiden ¬lokka deg til spotteller store løysepengar ¬føra deg på avveg!
19. Kan ditt skrik ¬fria deg ut or trengsleom du så brukar all di makt?
20. Du skal ikkje lengta ¬etter den nattadå folkeslag vert rykte ¬opp frå sin stad.
21. Akta deg og vend deg ikkje ¬til vondskap,så du heller vil gjera vondt ¬enn lida.
22. Sjå, Gud er opphøgd i sitt velde.Kven er ein lærar som han?