Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 36:1-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Elihu heldt fram og sa:

2. Ha tol med meg ei lita stund,så skal eg læra deg noko;for eg har endå meir å seia ¬om Gud.

3. Langt bortanfrå ¬vil eg henta min kunnskapog syna at min skapar har rett.

4. Det er sanneleg ikkje lygn, ¬det eg seier;det er ein kunnskapsrik mann ¬du har for deg.

5. Sjå, Gud er sterk og mektig,men han vrakar ikkje ¬dei fromme.

6. Dei gudlause held han ikkje ¬i live,men han lèt dei hjelpelause ¬få sin rett.

7. Han tek ikkje augo ¬frå dei rettferdige,men lèt dei for alltid ¬sitja med æresaman med kongar ¬på sine troner.

8. Vert dei bundne med lekkjerog fanga i tynande snarer,

9. så er det fordi han vil minna deiom all den synd ¬dei har gjort i sitt hovmod.

10. Han opnar øyra deira ¬for åtvaringog byd dei venda om ¬frå det vonde.

11. Om dei då høyrer og tener han,får dei leva i lukke ¬alle sine dagar,i herlegdom og glede ¬alle sine år.

12. Men vil dei ikkje høyra,skal dei gjennomborast av spydog missa livet i si vitløyse.

13. Støtt er dei gudlause harmeog ropar ikkje til Gud om hjelpnår han har bunde dei.

Les hele kapitlet Job 36