Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 35:10-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Men ingen spør: ¬«Kvar er Gud, min skapar,han som lèt lovsong lyda ¬om natta,

11. som lærer oss meir enn dyra ¬på markaog gjer oss klokareenn fuglane under himmelen?»

12. Då ropar dei utan å få svarog klagar over hovmodet ¬åt dei vonde.

13. Nei, det er fåfengt. ¬Gud høyrer dei ikkje,Den Allmektige ¬ansar ikkje slikt.

14. Jamvel når du seier ¬at du ikkje ser han,ser han di sak,og du må venta på han.

15. Men no, ¬når Gud ikkje straffar i vreideog ikkje bryr seg stort om synda,

16. då opnar Job sin munn ¬til inga nytteog kjem med mykje uvitug tale.

Les hele kapitlet Job 35