Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 35:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Elihu tok atter til ords og sa:

2. Du som sa:«Eg er rettferdigare enn Gud,»held du det for rett å spørja:

3. «Kva gagnar det meg,kva hjelper detat eg lèt vera å synda?»

4. Eg skal gje deg svar,og venene dine med:

5. Vend augo mot himmelen ¬og sjå,legg merke til skyene ¬høgt der oppe!

6. Kva gjer det Gud ¬om du syndar?Alle dine brot, ¬kva skader dei han?

7. Og kva gjev du han ¬om du er rettferdig,kva kan vel han ta imot frå deg?

8. Din vondskap kjem over ¬dine medmenneske,berre menneskeborn ¬har gagn av di rettferd.

9. Folk klagar over alle ¬som er harde med dei,og ropar om hjelp ¬mot mektige menn.

Les hele kapitlet Job 35