Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 34:28-37 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

28. Så nådde det han, ¬klageropet åt dei fattige,han høyrde skriket ¬frå dei hjelpelause.

29. Men kven torer døma han ¬om han held seg i ro?Kven merkar det ¬når han løyner sitt andlet?Han ser til folket ¬og til kvar einskild.

30. Han lèt ingen gudlaus få styraeller leggja snarer for folket.

31. No seier du kanskje til Gud:«Eg fór vilt, men skal ¬aldri meir gjera vondt.

32. Det eg ikkje ser, ¬må du læra meg.Og har eg gjort urett, ¬gjer eg det aldri meir.»

33. Trur du Gud vil løna deg ¬som du ynskjer,når du vanvørder hans råd?Det er du som må velja, ¬ikkje eg,og så får du seia kva du veit.

34. Kvar vismann ¬som høyrer på meg,ja, alle kloke menn vil seia:

35. «Job talar utan skjøn,det er ikkje meining ¬i det han seier.

36. Lat Job for alltid ¬setjast på prøve,fordi han svarar ¬som ein ugjerningsmann.

37. Han legg synd til synd.Han hånar og spottar ¬imellom ossog brukar store ord mot Gud.»

Les hele kapitlet Job 34