20. Brått døyr dei og midt på natta,folket ragar og går til grunne.Jamvel dei mektige må vika,men ikkje for menneskehand.
21. Guds augo vaktar ¬på kvar manns vegar,han ser kvart steg dei tek.
22. Det finst ikkje mørker ¬eller skoddder ugjerningsmenn ¬kan gøyma seg bort.
23. Han gjev ikkje mannen lang tidfør han må fram for Guds dom.
24. Utan forhøyr ¬knuser han mektige mennog set andre i staden for dei.
25. Difor legg han merke til ¬det dei gjer,og styrtar dei ned ei natt, ¬så dei vert knuste.
26. Han slår dei ¬som ugjerningsmennpå ein stad der alle kan sjå det,
27. fordi dei vende seg bort frå hanog ikkje gav akt på hans vegar.
28. Så nådde det han, ¬klageropet åt dei fattige,han høyrde skriket ¬frå dei hjelpelause.
29. Men kven torer døma han ¬om han held seg i ro?Kven merkar det ¬når han løyner sitt andlet?Han ser til folket ¬og til kvar einskild.