Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 34:2-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Høyr mine ord, de vise menn,lyd etter, de som veit så mykje!

3. Øyra prøver ord som vert sagde,liksom ganen smakar på maten.

4. Lat oss velja det som er rett,og saman finna ut ¬kva som er godt.

5. Job har sagt: «Eg er rettferdig,Gud har sett min rett til sides.

6. Eg har rett, ¬men vert halden for lygnar,eg er skuldlaus, ¬men såra til døden.»

7. Finst det ein mann som Job?Han talar spottord ¬som ein drikk vatn.

8. Han går i lag ¬med ugjerningsmennog held seg til gudlause folk.

9. For han har sagt:Kva gagnar det ein mannom han er ven med Gud?

10. Difor skal de høyra på meg,de vituge menn.Gud gjer aldri vondt,Den Allmektige gjer ikkje urett.

11. Han løner mannen ¬for hans gjerning,lèt alle få att etter si ferd.

Les hele kapitlet Job 34