Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 34:14-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Dersom han berre tenkte ¬på seg sjølvog tok att sin ande ¬og sin livspust,

15. då døydde ¬kvar levande skapning,og mennesket vart atter til mold.

16. Har du vit, så høyr på dette!Lyd nøye etter det eg seier!

17. Kan den som hatar retten, ¬styra?Torer du døma han ¬som er mektig og rettferdig?

18. Tru nokon seier til ein konge: ¬«Du niding!»eller til hovdingar: ¬«De gudlause menn»?

19. Gud held ikkje med fyrstarog vørder ikkje stormennmeir enn småkårsfolk.Alle er dei skapte av han.

20. Brått døyr dei og midt på natta,folket ragar og går til grunne.Jamvel dei mektige må vika,men ikkje for menneskehand.

21. Guds augo vaktar ¬på kvar manns vegar,han ser kvart steg dei tek.

22. Det finst ikkje mørker ¬eller skoddder ugjerningsmenn ¬kan gøyma seg bort.

Les hele kapitlet Job 34