Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 32:10-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

10. Difor seier eg: Høyr på meg!Eg òg vil seia mi meining.

11. Eg har venta på ¬at de skulle tala,og lydt etter vituge ord,medan de tenkte på ¬kva de skulle seia.

12. Eg gav nøye akt på dykk;men ingen har vist ¬at Job tek feil,ingen har svara på hans ord.

13. Sei ikkje: ¬«Vi fann visdom hjå han.Berre Gud ¬og ikkje noko menneskekan vinna over han.»

14. Han har ikkje retta sin tale ¬til meg,eg vil ikkje svara han så som de.

15. Mållause er dei ¬og svarar ikkje meir,orda sviktar dei heilt.

16. Skal eg venta når dei ikkje talar,når dei står der ¬og ikkje kan svara?

17. Eg òg har noko på hjarta,eg òg vil seia mi meining.

18. For eg er full av ord,ånda i mi bringe driv meg.

19. Mi bringe er lik innestengd vin,lik nyfylte hiter ¬som held på å rivna.

20. No må eg tala, så eg kan få luft,eg vil opna lippene ¬og ta til ords.

21. Eg gjer ikkje skil,vil ikkje smigra eit menneske;

22. for eg skjønar meg ikkje ¬på smiger.Elles kunne min skapar ¬snart riva meg bort.

Les hele kapitlet Job 32