Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 31:20-40 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

20. Måtte han ikkje velsigna megfordi han fekk verma hoftenemed ull frå lamma mine?

21. Har eg lyft hand ¬mot ein farlaus,fordi eg visste ¬eg fekk medhald i retten,

22. så lat mitt aksleblad ¬losna frå nakkenog armen min gå or led!

23. For då vart eg gripen ¬av redsle frå Gud,kunne ikkje stå meg ¬mot hans velde.

24. Har eg sett mi von til gulleller sagt at eg lit ¬på det fine gullet?

25. Har eg gledt meg ¬fordi rikdomen auka,fordi eg vann mykje gods ¬med mi hand?

26. Når eg såg at solljoset strålaog at månen steig i sin glans,

27. då lét eg meg aldri dåratil å hylla dei med løynlege ¬kyss.

28. Nei, det hadde vore ¬ei misgjerningsom førte til straff;då hadde eg fornekta Gud ¬i det høge.

29. Har eg gledt meg ¬over min fiendes falleller jubla når ulukka råka han?

30. Eg lét aldri min munn ¬få synda såat eg forbanna han ¬og ynskte han døden.

31. Mitt husfolk kan sanneleg seia:«Fekk ikkje alle eta seg metteav kjøtet på hans bord?»

32. Og aldri laut ein framand liggjautfor mitt hus om natta;eg opna dørene for farande folk.

33. Har eg løynt mine synder ¬så som folk har for skikk,og gøymt mi skuld ved barmen,

34. av di eg var redd ¬for den store hopen,knust av vanvørdnad ¬frå ættefrendar,så eg heldt meg i ro ¬og ikkje gjekk ut?

35. Gjev einkvan ville høyra ¬på meg!Sjå, her er mi underskrift– lat Den Allmektige ¬svara meg!Gjev eg hadde det skrivetsom min motpart har sett opp!

36. Då skulle eg ta det på aksla,setja det som eit diadem ¬på mitt hovud!

37. Eg skulle svara han ¬for alle mine stegog møta han som ein fyrste.

38. Dersom min åker skrik ¬imot megog alle hans fòrer græt,

39. dersom eg utan vederlag ¬har tært på hans kraftog gjort livet tungt ¬for dei som eig han,

40. så lat det veksa klunger ¬i staden for kveiteog ugras i staden for bygg!Her endar Jobs ord.

Les hele kapitlet Job 31