11. For det ville vera skamlaus ferd,ei misgjerning ¬som fører til straff,
12. ja, ein eld som tærer ¬radt til avgrunnen;han skulle øyda all mi avling.
13. Krenkte eg retten ¬når eg hadde sakmed min træl ¬eller mi trælkvinne,
14. kva skulle eg då gjeranår Gud stod opp til doms,kva skulle eg svaranår han granska mi sak?
15. Han som skapte meg i mors liv,har ikkje han skapt ¬den andre òg?Er det ikkje den same Gudsom har forma oss begge ¬i mors liv?
16. Har eg sagt nei til småkårsfolknår dei bar fram sine ynske,og sløkt glansen i augo ¬på enkjer?
17. Har eg ete mitt brød åleine,så farlause ikkje ¬fekk smaka det?
18. Nei, som ein far ¬har eg fostra deiheilt frå min ungdom,og frå fyrste stund ¬har eg teke meg av enkjer.
19. Kunne eg sjåat nokon flakka ikring ¬utan klede,at den fattige ikkje hadde ¬eit teppe?