Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 30:2-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Har dei slik styrke i hendeneat dei kan vera til hjelp for meg?Dei har då mist ¬si manndomskraft.

3. Uttærte av naud og svoltgår dei og gneg på turre moarsom alt i går ¬var aude og snaue.

4. Under buskane ¬plukkar dei melde,dei et røter av gyvelbusken.

5. Utstøytte er dei ¬frå samfunn med menneske,folk ropar etter dei ¬som etter ein tjuv.

6. Dei må halda til i ville kløfterog bu i holer i jord og berg.

7. Dei skrik mellom buskaneog klyngjer seg saman ¬mellom høge tistlar,

8. utskot og ærelause folk,som er drivne frå landet.

9. No syng dei spotteviser ¬om meg,eg har vorte eit utnemne for dei.

10. Dei styggjest ved meg ¬og held seg borte,dei blygjest ikkje ¬ved å spytta på meg.

11. Gud har gjort min bogestreng ¬slakk,han har audmykt meg;difor tøymer dei seg ikkjenår dei møter meg.

12. Deira avkom har reist seg ¬på høgre sidaog spenner føtene under meg,dei banar seg veg ¬og vil skada meg.

Les hele kapitlet Job 30