19. Han har støytt meg ned i søla,eg har vorte ¬som mold og oske.
20. Eg ropar til deg, ¬men du svarar ikkje;eg står der, ¬og du berre ser på meg.
21. Du har vendt deg bort ¬og er nådelaus mot meg,du strider mot meg ¬med veldig hand.
22. Du lyfter meg opp i stormen,eg fer av stad og går til grunnemedan stormen rasar.
23. Eg veit at du fører meg ¬til dødsriket,til staden ¬der alle levande samlast.
24. Men retter ikkje mennesket ¬ut si handnår allting sig i røys?Ropar det ikkje om hjelp ¬i ulukka?
25. Eg gret då over dei ¬som hadde tunge dagar,og viste medkjensle ¬med dei fattige.
26. Eg vona på lukke, ¬men ulukka kom,eg venta på ljos, ¬men det vart mørker.
27. Det brusar i meg, ¬eg får ikkje ro;ulukkedagar har møtt meg.
28. Eg går og syrgjer, ¬det er ikkje sol;eg reiser meg i samlinga ¬og ropar om hjelp.
29. No er eg ein bror av sjakalar,med strutsar held eg lag.
30. Skinnet på min kropp er svart,og beina brenn av hete.
31. Mitt lyrespel lyder ¬som syrgjesongarog fløytetonen ¬som gråt og klage.