1. No ler dei åt meg,dei som er yngre av år ¬enn eg.Deira fedrar akta eg så liteat eg ikkje sette deimellom mine gjætarhundar.
2. Har dei slik styrke i hendeneat dei kan vera til hjelp for meg?Dei har då mist ¬si manndomskraft.
3. Uttærte av naud og svoltgår dei og gneg på turre moarsom alt i går ¬var aude og snaue.
4. Under buskane ¬plukkar dei melde,dei et røter av gyvelbusken.
5. Utstøytte er dei ¬frå samfunn med menneske,folk ropar etter dei ¬som etter ein tjuv.
6. Dei må halda til i ville kløfterog bu i holer i jord og berg.
7. Dei skrik mellom buskaneog klyngjer seg saman ¬mellom høge tistlar,
8. utskot og ærelause folk,som er drivne frå landet.
9. No syng dei spotteviser ¬om meg,eg har vorte eit utnemne for dei.
10. Dei styggjest ved meg ¬og held seg borte,dei blygjest ikkje ¬ved å spytta på meg.
11. Gud har gjort min bogestreng ¬slakk,han har audmykt meg;difor tøymer dei seg ikkjenår dei møter meg.
12. Deira avkom har reist seg ¬på høgre sidaog spenner føtene under meg,dei banar seg veg ¬og vil skada meg.