Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 3:4-23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Gjev den dagen ¬vart stummande mørk!Gjev Gud i det høge ¬ikkje spurde etter hanog ljosstrålar aldri skein på han.

5. Gjev kolmørker kravde han,gjev skyer la seg over hanog solmørking skræmde han.

6. Gjev tjukke mørkret ¬tok den natta,så ho ikkje fekk rom ¬mellom årsens dagarog ikkje kom med ¬i månadstalet.

7. Ja, gjev den natta ¬vart utan fruktog aldri vart helsa med jubel.

8. Lat dei lysa forbanning ¬over henne,dei som manar fram ¬ulukkedagar,og som kan eggja opp Leviatan.

9. Lat hennar morgonstjerner ¬mørkjast,lat henne venta på ljos ¬som ikkje kjem,lat henne aldri sjå ¬morgonrodens strålar!

10. For ho stengde ikkje ¬morslivs dører for megog løynde ikkje møde og strev ¬for mitt syn.

11. Kvifor fekk eg ikkje døy ¬då eg vart fødd,kvifor slokna eg ikkje ¬i fødestunda?

12. Kvifor tok dei meg på fangetog la meg til brystet ¬så eg fekk mat?

13. No kunne eg ha lege stillog sove i fred og ro

14. saman med kongar ¬og styresmennsom bygde seg slott ¬der det no er ruinar,

15. eller med stormenn ¬som åtte gull,og fylte husa sine med sølv.

16. Eller eg hadde ikkje vore til,som eit nedgrave foster,lik born ¬som aldri såg dagsens ljos.

17. Der rasar ikkje ¬dei gudlause meir,der kviler dei ¬som har mist si kraft.

18. Alle fangar kan ta det med ro,dei høyrer ingen slavedrivar ¬ropa.

19. Der er små og store like,og trælen er fri frå herren sin.

20. Kvi gjev han ljos ¬til den som lid,kvi lèt han den ulukkelege ¬få leva?

21. Dei ventar fåfengt på dødenog søkjer han med større iverenn ein grev ¬etter løynde skattar.

22. Dei ville gleda seg og jubla,ja, fryda seg ¬om dei fann ei grav.

23. Dei er folk som ingen utveg ser,Gud har stengt kvar stigen ¬for dei.

Les hele kapitlet Job 3