Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 3:13-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. No kunne eg ha lege stillog sove i fred og ro

14. saman med kongar ¬og styresmennsom bygde seg slott ¬der det no er ruinar,

15. eller med stormenn ¬som åtte gull,og fylte husa sine med sølv.

16. Eller eg hadde ikkje vore til,som eit nedgrave foster,lik born ¬som aldri såg dagsens ljos.

17. Der rasar ikkje ¬dei gudlause meir,der kviler dei ¬som har mist si kraft.

18. Alle fangar kan ta det med ro,dei høyrer ingen slavedrivar ¬ropa.

19. Der er små og store like,og trælen er fri frå herren sin.

20. Kvi gjev han ljos ¬til den som lid,kvi lèt han den ulukkelege ¬få leva?

21. Dei ventar fåfengt på dødenog søkjer han med større iverenn ein grev ¬etter løynde skattar.

22. Dei ville gleda seg og jubla,ja, fryda seg ¬om dei fann ei grav.

23. Dei er folk som ingen utveg ser,Gud har stengt kvar stigen ¬for dei.

24. Mine sukkar ¬har vorte mitt daglege brød,mine klagerop strøymer ¬som vatn.

25. Dei redsler som eg fælte for, ¬har råka meg,no hender det eg grua for.

Les hele kapitlet Job 3