4. Kven hjelpte deg til å finna ord,kven kjem ho ifrå,den ånda som går ut frå deg?
5. Daudingane skjelv av angst ¬der nede,vatnet og alt som held til i det.
6. Dødsriket ligg ope for Gud,undergangsstaden ¬er ikkje løynd for han.
7. Han har breitt nordhimmelen ¬ut over audna,hengt jorda opp ¬over det tome rom.
8. Vatnet sveiper han i skyer,og skylaget brest ikkje ¬under det.
9. Han stengjer, ¬så ingen ser hans kongsstolnår han breier sine skyer ¬ut under den.
10. Han har drege opp ¬himmelranda over havet,der grensa går ¬mellom ljos og mørker.
11. Søylene under himmelen skjelv,lamslegne er dei når han trugar.
12. Han rørte opp havet ¬med si kraftog knuste Rahab i sin klokskap.
13. Når han lèt det blåsa, ¬klårnar himmelen.Med si hand ¬har han gjennomboraormen som rømer så raskt.
14. Sjå, dette er berre randa ¬av hans verk;det er som å høyra ei kviskring.Kven kan då skjøna den torasom lyder når han gjer storverk?