Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 26:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då tok Job til ords og sa:

2. Kor godt du har hjelpt ¬ein kraftlaus mannog støtta ein arm ¬som ikkje har styrke!

3. Du gav råd ¬til den som vanta visdom,og stort skjøn lét du han få.

4. Kven hjelpte deg til å finna ord,kven kjem ho ifrå,den ånda som går ut frå deg?

5. Daudingane skjelv av angst ¬der nede,vatnet og alt som held til i det.

6. Dødsriket ligg ope for Gud,undergangsstaden ¬er ikkje løynd for han.

7. Han har breitt nordhimmelen ¬ut over audna,hengt jorda opp ¬over det tome rom.

Les hele kapitlet Job 26