Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 21:7-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Kvifor skal dei gudlause få leva,verta gamle og auka si makt ¬og sin rikdom?

8. Trygt lever borna deira hjå dei,etterkomarane ¬har dei ikring seg.

9. Deira hus er trygge ¬mot det som skræmer,og Gud brukar ikkje riset ¬på dei.

10. Hjå dei spring oksane ¬aldri fåfengt,kyrne kalvar og kastar ikkje.

11. Dei slepper ut småborna ¬som sauer,og gutane hoppar og dansar.

12. Dei syng til tromme- og lyrelåtog jublar til fløytetonar.

13. Dei endar sine dagar i lukkeog går til dødsriket i fred.

14. Endå seier dei til Gud: ¬«Gå frå oss!Vi har ikkje hug ¬til å kjenna din veg.

Les hele kapitlet Job 21