Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 21:19-32 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Er det Guds vilje ¬å spara mannenog la ulukka ¬koma over hans born?Nei, han burde straffa han sjølv ¬så det kjennest.

20. Han skulle få sjå sin undergang,drikka vreidevin ¬frå Den Allmektige.

21. For kva bryr han seg ¬om si ætt etter døden,når hans tilmælte tid er ute?

22. Er det nokon som vil læra Gud,han som rår ¬over dei høgaste skapningar?

23. Éin døyr midt i si beste kraft,heilt igjennom sorglaus ¬og roleg,

24. hans kar er fulle av mjølk,og hans bein har saftfull merg.

25. Ein annan døyr med bitter hugog har aldri fått nyta lukke.

26. Så ligg dei begge nedi molda,fulle av makk og kryp.

27. Ja, eg kjenner dykkar tankar,dei vonde planar ¬de legg imot meg.

28. For de spør: ¬«Kvar er stormannens hus?Kvar er teltet ¬der dei gudlause budde?»

29. Har de ikkje spurt vidfarne folkog lagt merke til ¬det dei kan fortelja?

30. Den vonde vert spart ¬på ulukkedagen,han finn berging ¬på vreidedagen.

31. Kven påtalar ope ¬hans ringe ferd,kven gjev han att ¬for det han har gjort?

32. Dei ber han til grava,og ved gravhaugen ¬held dei vakt.

Les hele kapitlet Job 21