5. Dei gudlause jublar ¬ei lita stund,ein augneblink varer ¬nidingens glede.
6. Om hans hovmod ¬lyfter seg himmelhøgt,og hans hovud reiser seg ¬mot sky,
7. så går han for alltid ¬til grunne som skit;dei som såg han, spør: ¬«Kvar vart det av han?»
8. Han flyg bort som ein draum ¬og finst ikkje meir,han kverv som eit syn om natta.
9. Auga som såg han, ¬ser han ikkje lenger,han er aldri meir å sjå ¬på sin heimstad.
10. Hans born må be ¬småkårsfolk om hjelp;og sjølv må han gje ¬sin rikdom attende.
11. Hans bein var fulle ¬av ungdoms kraft,men no må ho fylgja ¬med han i støvet.
12. Det vonde smakar søtt ¬i hans munn,han gøymer det under tunga.
13. Han sparer på det ¬og slepper det ikkje,men held det fast mot ganen.
14. Likevel vert maten omskapt ¬i hans mageog vert til ormeeiter i hans liv.
15. Den rikdom han slukte, ¬må han kasta opp,Gud driv det ut or hans buk.
16. Ormeeiter må han suga i seg,hoggormen drep han ¬med si tunge.