Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 20:21-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. Ingen ting slapp unna ¬hans grådige lyst,difor skal hans velstand ¬ikkje vara.

22. Trongt vert det for han ¬midt i hans overflod,ulukka råkar han ¬med all si makt.

23. For at han skal få nok,sender Gud imot han ¬sin brennande vreideog lèt undergang regna på han.

24. Rømer han for jernvåpen,skal ein bronseboge ¬gjennombora han.

25. Han dreg pila ut or ryggenog blanke odden or galleblæra;då vert han gripen av redsle.

26. Berre mørker har han i vente.Han skal øydast av ein eldsom ingen blæs på.Dei av hans ætt ¬som har sloppe unna,skal det gå ille.

27. Himmelen openberrar ¬hans skuld,og jorda reiser seg mot han.

28. Den avling han har i sitt hus, ¬vert ført av stad,ho vert bortskyld ¬på Guds vreidedag.

29. Slik lagnad ¬får vonde menneske av Gud,det er den arv han har etla dei.

Les hele kapitlet Job 20