Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 20:2-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Mine tankar gjev meg svar ¬på dette,difor er eg så oppøst.

3. Til mi skam ¬må eg høyra refsingsord,men ut frå mitt skjøn ¬gjev mi ånd meg svar.

4. Du veit at så har det vore ¬frå eldgamal tid,heilt sidan mennesket ¬vart sett på jorda:

5. Dei gudlause jublar ¬ei lita stund,ein augneblink varer ¬nidingens glede.

6. Om hans hovmod ¬lyfter seg himmelhøgt,og hans hovud reiser seg ¬mot sky,

7. så går han for alltid ¬til grunne som skit;dei som såg han, spør: ¬«Kvar vart det av han?»

8. Han flyg bort som ein draum ¬og finst ikkje meir,han kverv som eit syn om natta.

9. Auga som såg han, ¬ser han ikkje lenger,han er aldri meir å sjå ¬på sin heimstad.

10. Hans born må be ¬småkårsfolk om hjelp;og sjølv må han gje ¬sin rikdom attende.

Les hele kapitlet Job 20