Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 20:13-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. Han sparer på det ¬og slepper det ikkje,men held det fast mot ganen.

14. Likevel vert maten omskapt ¬i hans mageog vert til ormeeiter i hans liv.

15. Den rikdom han slukte, ¬må han kasta opp,Gud driv det ut or hans buk.

16. Ormeeiter må han suga i seg,hoggormen drep han ¬med si tunge.

17. Aldri får han sjå at det rennbekker med honning ¬og elvar med mjølk.

18. Han må gje att ¬det han har vunne,og får ikkje nyta godt av det;han har inga glede ¬av den rikdom han vann.

19. For han knuste småkårsfolk ¬og lét dei liggja,han røva hus ¬som han ikkje hadde bygt.

20. Men inni seg fekk han aldri ro,med alle sine skattar ¬kan han ikkje bergast.

21. Ingen ting slapp unna ¬hans grådige lyst,difor skal hans velstand ¬ikkje vara.

Les hele kapitlet Job 20