Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 17:6-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Du har gjort meg ¬til spott og spe for folk,eg er ein mann ¬som dei spyttar på.

7. Augo mine er sløve av sorg,mine lemer kverv ¬som ein skugge.

8. Rettferdige folk støkk til ¬av slikt,den skuldlause argast ¬på den som er gudlaus.

9. Men den rettferdige ¬held fast på si ferd,og den som har reine hender,får endå større kraft.

10. Men de, kom att alle saman!Eg finn ingen vismann ¬mellom dykk.

11. Mi tid er ute, ¬mine planar er knuste,alle dei ynske eg hadde.

12. Mine vener gjer natta ¬til dagog seier at ljoset ¬er nærare enn mørkret.

13. Er det von for meg?Dødsriket er min bustad,i mørkret reier eg mi lege.

14. Eg ropar til grava: ¬«Du er min far!»og til krypet i jorda: ¬«Mi mor og syster!»

15. Kvar finst vel det ¬som eg kan venta på?Er det nokon ¬som øygnar von for meg?

16. Går vona til dødsriket ¬saman med meg,sig vi ned i støvet på same tid?

Les hele kapitlet Job 17