Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 17:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Mi livskraft er slokna,mi tid er ute,eg har berre grava i vente.

2. Sanneleg, eg møter spott,mine augo er trøytte ¬av deira motstand.

3. Lat ein annan gå god for meg ¬hjå deg!Kven skulle elles gje meg ¬sitt handtak?

4. Du har stengt deira hjarta ¬for skjøn,difor lèt du dei ikkje triumfera.

5. Ein mann fortel sine venerkorleis eigedomen hans ¬skal delast;men sønene hans ¬får sløve augo.

6. Du har gjort meg ¬til spott og spe for folk,eg er ein mann ¬som dei spyttar på.

7. Augo mine er sløve av sorg,mine lemer kverv ¬som ein skugge.

8. Rettferdige folk støkk til ¬av slikt,den skuldlause argast ¬på den som er gudlaus.

9. Men den rettferdige ¬held fast på si ferd,og den som har reine hender,får endå større kraft.

Les hele kapitlet Job 17