Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 16:13-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. hans piler kom mot meg ¬frå alle kantar.Nådelaust kløyvde han ¬nyrene mine,han lét min galle renna til jorda.

14. Flengje på flengje ¬reiv han i megog storma mot meg ¬som ein krigar.

15. Syrgjeplagg har eg sytt ¬om min kroppog bøygt meg audmjukt i støvet.

16. Andletet mitt er raudt av gråtog augneloka svarte,

17. endå hendene ikkje er merkte ¬av udåd,og bøna mi er rein.

18. Å, jord, du må ikkje gøyma ¬mitt blod,lat aldri mitt klagerop stilna!

19. Eg har då mitt vitne ¬i himmelen,ein som talar mi sak i det høge.

20. Venene mine spottar meg,gråtande vender eg augo ¬til Gud.

21. Gjev han må la mennesket ¬få rett hjå Gudog avgjera striden mellom ¬mannen og hans neste!

22. For det er ikkje mange år ¬før eg ferden vegen ¬som aldri fører attende.

Les hele kapitlet Job 16