Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 15:22-35 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

22. Han trur ikkje ¬han kjem att frå mørkret,han er etla til å falla for sverd.

23. Han flakkar om etter brød ¬– men kvar finst det?Han veit ¬han har mørke dagar i vente.

24. Naud og trengsle skræmer hanog tek makta frå hanliksom ein konge, budd til strid.

25. For han har lyft si hand ¬mot Gudog vore trassig ¬mot Den Allmektige.

26. Han stormar mot han, ¬bratt i nakken,under sitt tjukke, boga skjold.

27. Hans andlet er bolna av feitt,og han legg på seg ¬kring hoftene.

28. Han slår seg ned ¬i øydelagde byar,i hus der ingen kan bu,fordi dei held på å siga i røys.

29. Han vert ikkje rik, ¬hans velstand forgår,grøda bognar ikkje ¬på hans jord.

30. Han slepp ikkje ut or mørkret;logen skal svi hans friske skot,og vinden ¬skal sopa bort blomen.

31. Han må ikkje lita ¬på det som er fåfengt,for då narrar han seg sjølv,og gagnlaust er det han får att.

32. Han skal visna ¬før tida er komen,og greinene hans ¬skal aldri meir grønkast.

33. Han liknar eit vintre ¬som misser karten,eit oliventre som blomen fell av.

34. Nei, den gudlause flokken ¬får inga frukt,og elden øyder telta ¬åt dei som tek muter.

35. Dei avlar udåd ¬og føder vondskap,frå deira fang kjem berre svik.

Les hele kapitlet Job 15