Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 15:2-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Kan ein vismann svara ¬så bort i veretog blåsa seg opp ¬med tomt snakk,

3. forsvara si sak ¬med gagnlaus tale,med ord som ikkje duger?

4. Jamvel agen for Gud ¬bryt du nedog hindrar den stille ettertanke ¬for Guds åsyn.

5. Det er di synd som lærer deg ¬å bruka munnen,du vel å tala med listig tunge.

6. Det er din munn ¬som dømer deg, ikkje eg,dine lipper vitnar imot deg.

7. Vart du fødd ¬før andre menneske,vart du til før alle haugar?

8. Var du tilhøyrar ¬då Gud heldt fortruleg råd,reiv du til deg visdom der?

9. Kva veit du som vi ikkje veit,kva skjønar du ¬som er ukjent for oss?

10. Somme av oss er gamle og grå,eldre av år enn din eigen far.

11. Er Guds trøystande ord ¬ikkje nok for deg,ord som kjem til deg så mildt?

12. Kvifor lèt du kjenslene ¬riva deg med,kvifor rullar du med augo?

13. Du vender din harme mot Gudog tek sterke ord i din munn.

14. Kor kan vel eit menneske ¬vera skuldlaust?Kan den som er fødd ¬av ei kvinne, ha rett?

15. Gud lit ikkje eingong ¬på sine heilage englar,og himmelen er ikkje rein ¬i hans augo,

16. langt mindre ein mann ¬som er stygg og vond,som sluker urett liksom vatn.

Les hele kapitlet Job 15