Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 12:17-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

17. Rådsherrar ¬fører han berrføtte bort,og domarar gjer han til dårar.

18. Han løyser kongars lekkjerog bind hoftekledet om dei.

19. Han fører prestar ¬berrføtte bortog feller mektige menn.

20. Han tek mælet ¬frå pålitelege folkog dømekrafta frå dei eldste.

21. Han auser vanvørdnad ¬ut over fyrstarog løyser beltet på sterke menn.

22. Han avslører det ¬som er løynt i mørkret,og det ¬som er stummande mørkt,fører han fram i ljoset.

23. Han lèt folka auka ¬– og gjer ende på dei,lèt folkeslag breia seg ¬– og fører dei bort.

24. Han tek vitet ¬frå landsens hovdingarog fører dei vilt i veglaus audn.

25. Dei fomlar i mørker, ¬og det ljosnar ikkje,han lèt dei raga ¬som drukne menn.

Les hele kapitlet Job 12