Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 12:1-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då tok Job til ords og sa:

2. Ja, de er sanneleg ¬noko til karar!Med dykk døyr nok ¬visdomen ut.

3. Men eg òg har vit,eg er ikkje ringare mann enn de.Kven kjenner ikkje til slikt?

4. Eg er til lått for mine vener,eg som ropa til Gud ¬og fekk svar,eg som er rettvis og ærleg.

5. «Bry deg ikkje om ulukka!»tenkjer dei som er trygge.«Ho ventar dei ¬som er ustøe på foten.»

6. Valdsmenn får ha sine telt ¬i fred;trygge er dei ¬som vekkjer Guds vreideog trur dei har Gud i si hand.

7. Spør berre dyra, ¬dei skal læra deg,himmelens fuglar, ¬dei skal gje deg kunnskap.

8. Eller tenk på jorda, ¬ho kan opplysa deg,fisken i havet ¬har noko å fortelja.

9. Kven skjønar ikkje, ¬når han ser alt dette,at Gud har skapt det ¬med si kraft?

10. Han har kvar levande sjel ¬i si handog rår over ånda ¬i kvar manns kropp.

11. Prøver ikkje øyra ¬dei ord som vert sagde,liksom ganen smakar på maten?

12. Er det berre dei gamle ¬som har visdom,berre eit langt liv ¬som gjev skjøn?

13. Hjå Gud er visdom og velde,han legg planar med vit.

14. Når han riv ned, ¬byggjer ingen opp;når han stengjer for ein mann, ¬kan ingen opna.

15. Sjå, han demmer for vatnet, ¬då turkar det bort,han slepper det ut, ¬og det riv jorda med seg.

Les hele kapitlet Job 12