Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 10:16-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Og lyfte eg likevel hovudet,ville du jaga meg som ei løveog atter fara underleg fram ¬mot meg.

17. Du ville føra nye vitne mot meg,visa meg aukande uviljeog atter og atter ¬senda dine hærar mot meg.

18. Kvifor lét du meg koma ut ¬or mors liv?Gjev eg hadde døytt ¬før nokon fekk sjå meg!

19. Det hadde vore ¬som om eg aldri var til,frå mors liv ¬hadde dei ført meg til grava.

20. Kor få mine levedagar er!Gjev han ville la meg vera,så eg kunne få litt glede

21. før eg går bort ¬til det kolmørke landet,som eg aldri kjem att ifrå:

22. eit land så svart som natta,der mørker og ugreie rår,og ljoset er mørkt som natta.

Les hele kapitlet Job 10