Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 10:1-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Eg er lei av livet,vil klaga mi naud.Eg er beisk i hug og vil tala ut.

2. Eg seier til Gud: ¬Fordøm meg ikkje!Lat meg få vita ¬kvifor du klagar meg.

3. Har du glede av å gjera urett,av å vraka det du sjølv ¬har skapt,og la ljoset skina over planane åt dei vonde?

4. Har du då augo ¬som ein skapning,ser du så som menneske ser?

5. Er dine dagar ¬som dagane åt mennesketog dine år som mannens år,

6. sidan du leitar etter skuld ¬hjå megog spør etter mine synder?

7. Du veit at om eg er skuldlaus,kan ingen berga meg ¬or di hand.

8. Det er du som har forma ¬og skapt meg,og så snur du om og tyner meg!

9. Kom i hug ¬at du har laga meg av leire,og så lèt du meg verta ¬til jord att!

10. Du lét meg renna ut som mjølkog sidan stivna liksom ost.

11. Du kledde meg ¬med kjøt og skinnog vov meg i hop ¬med bein og sener.

12. Du gav meg liv ¬og var trufast mot meg,med omhug verna du mi ånd.

13. Men dette gøymde du i hjarta,eg veit du hadde det i tankar:

14. Du ville vakta på meg ¬når eg syndaog ikkje frikjenna meg ¬for skuld.

15. Ve meg om eg var skuldig!Og hadde eg rett,kunne eg ikkje lyfta hovudet.Eg var mett av skamog full av liding.

Les hele kapitlet Job 10