Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 1:9-21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Men Satan svara Herren: «Det er vel ikkje utan grunn at Job har age for Gud?

10. Har du ikkje på alle måtar verna om han og huset hans og alt det han eig? Alt hans arbeid har du velsigna, og buskapen hans breier seg i landet.

11. Men rett ut handa og rør ved det som høyrer han til, så skal du sanneleg sjå at han spottar deg beint opp i andletet.»

12. Då sa Herren til Satan: «Alt det han eig, er i di makt. Men han sjølv får du ikkje leggja hand på.» Så gjekk Satan bort frå Herren.

13. Ein dag medan sønene og døtrene sat og åt og drakk vin heime hjå den eldste broren,

14. kom det ein bodberar til Job og sa: «Best oksane gjekk for plogen, og eselhoppene beitte tett attmed,

15. kom det nokre sabearar og tok dei, og gutane hogg dei ned med sverd. Eg var den einaste som slapp unna, så eg kunne seia frå til deg.»

16. Medan han endå tala, kom ein annan og sa: «Guds eld fór ned frå himmelen, råka både sauene og gutane og brende dei opp. Eg var den einaste som slapp unna, så eg kunne seia frå til deg.»

17. Medan han endå tala, kom den tredje og sa: «Det kom ein heil hop med kaldearar, som delte seg i tre flokkar, kasta seg over kamelane og tok dei. Gutane hogg dei ned med sverd. Eg var den einaste som slapp unna, så eg kunne seia frå til deg.»

18. Medan han endå tala, kom den fjerde og sa: «Sønene og døtrene dine sat og åt og drakk heime hjå den eldste broren.

19. Då kom det brått ein sterk storm borte frå øydemarka. Han tok tak i alle fire novene på huset, så det seig i hop over ungdomane og drap dei. Eg var den einaste som slapp unna, så eg kunne seia frå til deg.»

20. Då reiste Job seg, reiv sund kappa si og klypte av seg håret. Han kasta seg ned, bøygde seg med andletet mot jorda

21. og sa: «Naken kom eg frå mors liv,naken fer eg attende.Herren gav, og Herren tok,Herrens namn vere lova!»

Les hele kapitlet Job 1