Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 1:6-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Så hende det ein dag at Guds søner kom og steig fram for Herren; mellom dei var Satan òg.

7. «Kvar kjem du ifrå?» spurde Herren. «Eg har fare og svive ikring på jorda,» svara Satan.

8. Då sa Herren til han: «La du merke til Job, tenaren min? Det finst ikkje maken hans på jorda. Han er ein ærleg og rettvis mann, som har age for Gud og held seg frå det som vondt er.»

9. Men Satan svara Herren: «Det er vel ikkje utan grunn at Job har age for Gud?

10. Har du ikkje på alle måtar verna om han og huset hans og alt det han eig? Alt hans arbeid har du velsigna, og buskapen hans breier seg i landet.

11. Men rett ut handa og rør ved det som høyrer han til, så skal du sanneleg sjå at han spottar deg beint opp i andletet.»

12. Då sa Herren til Satan: «Alt det han eig, er i di makt. Men han sjølv får du ikkje leggja hand på.» Så gjekk Satan bort frå Herren.

13. Ein dag medan sønene og døtrene sat og åt og drakk vin heime hjå den eldste broren,

14. kom det ein bodberar til Job og sa: «Best oksane gjekk for plogen, og eselhoppene beitte tett attmed,

15. kom det nokre sabearar og tok dei, og gutane hogg dei ned med sverd. Eg var den einaste som slapp unna, så eg kunne seia frå til deg.»

16. Medan han endå tala, kom ein annan og sa: «Guds eld fór ned frå himmelen, råka både sauene og gutane og brende dei opp. Eg var den einaste som slapp unna, så eg kunne seia frå til deg.»

17. Medan han endå tala, kom den tredje og sa: «Det kom ein heil hop med kaldearar, som delte seg i tre flokkar, kasta seg over kamelane og tok dei. Gutane hogg dei ned med sverd. Eg var den einaste som slapp unna, så eg kunne seia frå til deg.»

Les hele kapitlet Job 1