Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 1:19-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

19. Då kom det brått ein sterk storm borte frå øydemarka. Han tok tak i alle fire novene på huset, så det seig i hop over ungdomane og drap dei. Eg var den einaste som slapp unna, så eg kunne seia frå til deg.»

20. Då reiste Job seg, reiv sund kappa si og klypte av seg håret. Han kasta seg ned, bøygde seg med andletet mot jorda

21. og sa: «Naken kom eg frå mors liv,naken fer eg attende.Herren gav, og Herren tok,Herrens namn vere lova!»

22. Trass i alt som hadde hendt, synda ikkje Job og kom ikkje med eit vondt ord mot Gud.

Les hele kapitlet Job 1