Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 1:1-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. I landet Us budde det ein mann som heitte Job. Han var ein ærleg og rettvis mann, som hadde age for Gud og heldt seg frå det som vondt var.

2. Job fekk sju søner og tre døtrer.

3. Han åtte sju tusen sauer, tre tusen kamelar, fem hundre par oksar og fem hundre eselhopper. Ei mengd med trælar hadde han òg. Han var den mektigaste mannen i landet der aust.

4. Sønene til Job hadde for skikk å halda gjestebod på omgang hjå kvarandre. Då sende dei bod til dei tre systrene sine og bad dei koma og eta og drikka saman med dei.

5. Når så ein omgang med gjestebodsdagar var til ende, sende Job bod etter dei og gjorde soning for dei. Han stod opp tidleg om morgonen og bar fram brennoffer for kvar einskild av dei. For han tenkte: «Kanskje har sønene mine synda og spotta Gud i sitt hjarta.» Dette gjorde Job kvar gong.

6. Så hende det ein dag at Guds søner kom og steig fram for Herren; mellom dei var Satan òg.

7. «Kvar kjem du ifrå?» spurde Herren. «Eg har fare og svive ikring på jorda,» svara Satan.

8. Då sa Herren til han: «La du merke til Job, tenaren min? Det finst ikkje maken hans på jorda. Han er ein ærleg og rettvis mann, som har age for Gud og held seg frå det som vondt er.»

Les hele kapitlet Job 1